MONICA

"Kostplanen til Anja kan verkeleg anbefalast! Me kjøpte den fordi ein i vår familie har diabetes, og responderer godt på eit slikt kosthold som planen legg opp til. Den ber preg av grundig arbeid både når det kjem til smakssamansetningar og teori kring lavkarbo og ketodiet. Me har lært, og tatt med oss mykje frå planen inn i vår kvardag. Den har utvida horisonten vår når det kjem til smakar, og det er godt å kunne lage sunne og gode rettar til både frukost, lunsj, middag og kvelds som alle i familien (frå 3 år) likar. Eg vil spesielt trekke fram fiskerettane og frukost/lunsjrettane som er skikkelig gode. Proppfulle av smak! Anbefalar og å følge Anja på Instagram. Masse inspirasjon."

 

EIRIN

Eg har kjøpt fleire lavkarboplanar før, men kan med handa på hjarta sei at Anja sin plan er den eg har vore mest fornøgd med. Innbydande plan med god informasjon, inspirerande bilete og godt varierte oppskrifter av veldig mykje god mat! Her er mat som er enkel å tilberede i kvardagen og som både store og små har likt godt. Eg har ikkje følgt planen slavisk, men den har så langt hjelpt meg i å finne ein god balanse i kvardagen med eit redusert karboinntak, noko som har resultert i vektnedgang, meir energi, stabilt blodsukker og finare hud."

 

JANNE

"Smaksrike, enkle og mettande rettar! Flott å kunne ete så mykje god mat, og i tillegg ha eit så fint blodsukker, når ein har diabetes."

 

BENTE

"Etter desse 6 vekene sit eg att med utallege supre oppskrifter og ikkje minst betre matvanar som eg garantert tek med vidare! Og det beste av alt; 7 kg lettare og 11 cm mindre rundt livet :)

 

CECILIE

"Dette er ein plan eg vil anbefale på det sterkaste, og så er det gjort så enkelt for oss brukarar. Det er nydelige oppskrifter som mettar, og er raske å lage i ein hektisk kvardag. I tillegg føler eg meg mindre oppblåst og har meir energi!"

 

SANDRA

"Eg vil anbefala kostplanen til Anja på da sterkaste! Den er lett å følga, utrulig gode retta som mettar godt og lenge. I min familie har både store og små likt rettane i kostplanen. Med nytt kosthold har eg fått ein heilt ny kvardag med bedre søvn og meir energi! Mvh meget fornøyd kunde."

 

EIVIND

"Eg har følgt Anja sin kostplan inkludert dei gode tipsa på side 4 og 5, og anbefaler den på det varmaste. Her er gode oppskrifter som er lette å følgja. Det blir som å eta søndagsmiddag kvar dag. Ingredienslista med foto gjer det enkelt å handla i den vanlige butikken. Kjekk plan å følgja som gjev meistrings kjensle av å laga god mat. Ved å følgja planen har eg hatt god søvn, mykje energi og stabilt blodsukker. Ein viktig bonus for meg som har følsam tarm, IBS, har vore mykje mindre luft i magen utan å tenkja på kva eg et.

Ein ekstra bonus er at ved å følgja planen og eta god og rikeleg mat, går ein likevel automatisk ned i vekt. Eg gjekk ned 4 kg på tre veker og tillegget rundt magen forsvann. For å unngå og gå lengre ned i vekt, et eg no meir enn det som står i planen både ved at eg lagar større porsjonar, et eit ekstra måltid til kvelds og et litt sjokolade og nøtter når eg får lyst på det. Eg synes også det er interessant å ha erfart at ved å bryta planen og eta mat rik på karbohydrat i festlige lag, går det fint å koma raskt attende. Begge gongane gjekk eg opp ca. 1,2 kg over natta og blodsukkeret auka. Det låg slik i ca. 2 døgn før det raskt gjekk ned att til nivåa før «utskeielsen»."

 

NINA

"Me er veldig nøgd med kostplanen sjølv om me ikkje følger den slavisk! Synes det er ekstra spanande å få prøvd ut nye retter som smakar godt og ikkje tek lang tid å lage. Har gått veldig fint å kombinere planen med amming, då eg berre tilfører meir karbohydrater og gjerne nokre ekstra måltider når det føles riktig.

Er eit ekstra pluss at rettane også ser lekre og smakfulle ut!"

 

GUNHILD

"Deilig å slippe og bestemme seg for hva jeg skal ha til frokost, middag og kvelds - det har Anja allerede bestemt, og alle måltidene er nydelige."

 

JENNY ELIN

"Anjas kostplan kan eg anbefale på det varmaste.

Den er ryddig, oversiktlig og delikat. Oppskriftene er gode, mettande og raske å laga om det er lunsj eller middag. Eg har lavt stoffskifte og resultatet av det er at eg har lett for å legge på meg og er ofte trøtt. Men denne kostplan har gjort at eg har gått ned i vekt, fått meir energi og mindre luftplager!"

 

TONE LINDA

"Vi har fulgt kostplanen til Anja mer eller mindre slavisk i 5 - 6 uker nå og har utelukkende gode erfaringer. Tidligere har vi vært litt frem og tilbake på lavkarbo kostholdet, men manglet inspirasjon til gode oppskrifter på middag spesielt. Med denne kostplanen har vi fått tilgang til masse deilige oppskrifter som er enkle å følge i en hektisk hverdag! Vi har også spunnet videre på middagene og klart å bli kreative! Høyere energinivå, jevnere blodsukker, mindre søtsug og ned henholdsvis 5 og 7 kg er et oppløftende resultat, så vi fortsetter og anbefaler denne planen videre! :-)"